Del på Facebook Del på Twitter Del på mail

Vi får inn massevis av mer eller mindre gode forslag til vår store konkurranse ”Hvorfor jeg bør vinne nye, komplette sommerhjul” i samarbeid med Superdekk.

– Det er skikkelig moro at responsen er så god. Det er helt tydelig at mange har behov for nye sommerhjul. Bare synd at vi ikke har anledning til å hjelpe alle, sier konkurranse-general og redaksjonssjef Vegard Møller Johnsen i Broom.

Har du ikke fått deltatt ennå? Fortvil ikke! Klikk på linken under – og bli med du også!

Vi gir bort splitter nye sommerhjulhjul:

Superdekk

Vi videreformidler noen av de innleverte historiene med Broom-leserne. Først ut er Chris-André K. Kjelsnes fra Førde som deler sin bilhistorie med oss!

Les historien her:

Hei Broom redaksjonen!

Tenkte eg skulle prøve lykka og muligens få meg nye sommardekk på felg til den 23 år gamle Toyota Corolla'en min.

Corolla'en blei kjøpt ny hos Toyota Førde i 1988 av Solveig Myren frå Haukedalen (tanta til tanta mi?). Ho var allerede då begynt å bli gammal og hadde fleire ulykker med bilen.

I 1996 vart det skifta ut store delar av front (panser, frontfanger, lykter og begge framskjermane). Årsaka er eg ikkje sikker på, og første eigar hugsar ikkje årsaka sjølv. Er begynt å dra på åra.

To år etter vart den igjen innsendt, denne gangen med ein skade i hekken. Då vart det bytta hekkfanger og bagasjerom, og den eine bakskjermen vart oppretta og lakkert igjen. I følge historikken vart bilen påkøyrt i ei rundkøyring.

Tante Else og Corollaen på Ikea (Foto: Privat)

Bilen vart lite brukt, og det var som regel berre ein tur på butikken (10 km) ein gong i veka, og ein sjeldan gong til Førde (næraste byen, 38 km). Åra framover gikk så og sei skadefritt, det var ingen særleg store utlegg, og Solveig var begynt å bli så gammal at ho ikkje køyrde så mykje meir.

I 2006 tok tanta mi, Else Myren, over bilen for den nette sum av 5000 kroner. Ho brukte bilen for det meste til og frå Bergen. Bilen la ut på nye strekningar den aldri hadde vore med på før.

Tanta mi såg ikkje på bilen som særleg liten, og når den først blei med på IKEA-tur, meinte ho at den skulle få med seg eit spisebord i bagasjerommet (ikkje flatpakka). Og det gjorde den - sjå vedlagt bilde.

Tanta mi likte bilen godt, men hadde den ikkje lenger enn til 2009. Då vart bilen vekk-prioritert til fordel for ein Toyota Land Cruiser.

Ho avanterte bilen til salg og solgte den til ein elektrikar på Vassenden på Jølster (ein times køyring frå Haukedalen). Else tenkte ikkje så mykje over bilen når den i første omgang var vekke, men så var det ein dag dei hadde bestilt elektrikar på gården at ho kunne skimte den grå Corolla'en på tunet. Det var vel først då ho begynte å tenke over at ho hadde solgt den.

Tida gikk og eg var påbegynt lappen. Drømmen var å kjøpe Nissan Maxima som førstebil, og pengane stod klar til den første eg kom over som eg virkelig likte. Vinterferien i 2011 fikk far min telefon av ein lokal bilforhandlar som han kjenner, Frode Svidal frå Hetle Auto AS.

SE VIDEO: Dekkskift: Slik gjør eksperten det

På rein spøk ringte han å sa at han hadde fått inn bilen til tanta mi, og humrande spurte han om far min var interessert i å kjøpe den. Spørsmålet blei vel aldri besvart og det heile blei ledd vekk. Så sa far min dette til mamma, at gamle-Toyota'en til Solveig står på Hetle Auto. Det var såvidt eg høyrde det, men eg måtte sjølvsagt spør på nytt. Jo, den skulle selgast.

I slutten av mars måned i fjor tok vi turen til Reed på Breim for å sjå på bilen. Forventningane var små, vi tippa på at den var vekkrusta, famla i lakken og fæl. Hetle Auto skulle forøvrig berre ha 4000 kr for den.

Då vi kom fram såg vi ein grå liten bil mellom mange nye Volvo'ar, men det var den 22 år gamle Toyota'en som blenkte mest i sollyset.

Eg satte meg inn bak rattet, ikkje så alt for overbegeistra til tross for den overraskande fine lakken. Bilen var jo grei den, men eg tvilte på at det var ein bil eg ville ha. Nøkkelen blei vridd om og motoren slo inn på første slaget til startaren. Dette var i mars og bilen hadde stått sidan desember!

Forsiktig slapp eg koplinga på bilen og satt inn gassen. Bilen var ikkje så galen. Og plutselig, heilt ut av ingenting, bestemte eg meg. Ja, vi kjøper den. Vi kjøper den gamle Corolla'en!

Pappa virka nesten overraska, kven skulle trudd at sonen ville ha ein slik bil. For cirka eit år sidan i dag, kom bilen på tunet her heime. No var det kun lappen som gjenstod. Reperasjonar på den 22 år gamle evighetsmaskina var få, einaste vi måtte var å bytte ein dempar før den gikk gjennom EU-godkjenninga.

Det knapt rust å sjå, og ingenting i bærande konstruksjon, og det er bra til å vere ein gammal Toyota. Til tross for at Corolla'en endå ikkje var skilta vart den flittig brukt, eg satt der når eg las til bilteorien.

Eg meinar sjølv at bilen er hovudgrunnen til at eg klarte den på første forsøk. Ettersom eg inntil då hadde strøke fire gongar på lett sykkel-teorien. Lettsykkelen min solgte eg, og bestemte meg for at pengane skulle brukast heilt og fullt på Toyota'en.

LES OGSÅ: Slik velger du riktig sommerdekk

Eg meiner sjølv det er noko spesielt, nærmast noko magisk over bilen, den er noko for seg sjølv.

Rett etter eg fikk lappen køyrte eg både Nissan Laurel (1990), Volvo S80 (2006), Volkswagen Touran (2005), Volkswagen Polo (2010) og Volkswagen Golf (4. generasjon).

Første bilen som stod for tur var pappa sin Laurel, ettersom vi hadde bestemt oss for å vente med å registrere Corollaenen til vi kunne betale halv årsavgift. Pappa reiste til syden og satte igjen Touranen på Flesland. Då fikk eg ta med meg bilen til Førde igjen og bruke den mens han var vekke.

Problemet var berre det, at det var ikkje Corolla'en min, og det klødde fæælt i fingrane etter å få køyre min eigen spesielle bil. Etter å ha hatt lappen i ca. ein månad fikk eg skilt på bilen min. I det eg skrudde skilta på bilen hadde den akkurat rulla over 150 000. Bilen var igjen klar for nye eventyr.

Toyota-Corolla02 (Foto: Privat)

Bilen fikk boltre seg på nye strekningar og tellaren rulla fort oppover. Så lenge vedlikehaldet vart gjort regelmessig var bilen fornøgd og gjorde som eg ville.

Så klart, det er ein 1988-modell så den har ikkje ABS, den har ikkje servo, den har ikkje air-condition, den har ikkje antispinn. Lista er lenger over kva den ikkje har, enn det den har. Men det denne bilen har er personlighet og ein sjarm du ikkje finn blant nye bilar.

Den er rett og slett spesiell. Kanskje den ikkje er spesiell for andre, men for meg er den ein eigen liten skatt. Min skatt. Og kva skal ein med alt ekstrautstyret, når ein likevel kan få ein KJEMPEGOD bil utan?

Kjære Broom, eg ønsker virkelig å vinne nye sommarsko på alufelg til Corolla'en min, noko som dessverre blir dyrt for meg då eg endå er skuleelev. Bilen står fortsatt på dei originale Toyota-kapslane sine frå 1988.

Eg skulle virkelig ønske at dokke ville vere medhjelpelig å unne bilen sine første alufelgar. Noko som eg er heilt sikker på også første eigar ville sette pris på, sjølv om ho då er for gammal til å kunne få køyre, er ho alltid like glad for å sjå bilen igjen. Ta gjerne kontakt og det er noko som skulle vere uklart, og for all del, kom å sjå på bilen. Og prøvekøyr den!!

Corollaen er begynt på sin tredje generasjon, og den blir nok ikkje solgt med det første, nei.

Vi gir bort splitter nye sommerdekk på felg: